Dagene i Mukdahan er ei stor velsigning for oss frå IMI, Liv Eva, Steve, Anne Kristin, Jenny Sofia og Julia. Dei voksne har hatt tre utrulege dagar saman med leiarar frå 10 kyrkjer i denne regionen i Nord-Aust Thailand.
Det er veldig inspirerande kor offansive og modige dei er, alt det Gud gjer i den enkelte sitt liv og i kyrkjene. Arbeidet som Kjartan og Eirin, Espen og Maria har stått i har bore mykje frukt. Vi ser at sterke og nære relasjonar er blitt etablert og Gud gjer store ting i dette samarbeidet. Agenda 1 sin arbeidsmetode har gjeve dei eit spennande verktøy som kan integrerast i deira kultur og menighetsliv. Mange kyrkjer erfarer at nye mennesker kjem til tru, nye fellesskap blir planta og at nye leiarar blir utrusta og sett i teneste.
Jenny Sofia(12) og Julia (8) har hatt store opplevingar med å vere på den norske skulen på ein Thaiskule. Skuleuniformer, 1600 elevar som sit heilt stille under samlinga og eit veldig stort bilde av kongen og dronninga midt i skulegarden har gjort inntrykk, men og opplevinga av at ein av thaielevane på skulen kunne dansk og forstod kva dei sa. Bading og masse kos med dei andre barna frå Norge her i 35 varmegrader gjer godt midt i vinteren.






Dagens ord: Pris Herren, for han er god, hans miskunn varer til evig tid! 1. krøn 16.10