Eirin og Kjartan Sørheim har vore misjonærar i nord-aust Thailand i 6 år. Dei har saman med Maria og Espen Tveten hatt ansvar for leiaropplæring og nettverksbygging med 10 lutherske kyrkjer i dette området.
Etter 6 år er dagane for farvel eit faktum. Vi( Steve, Anne Kristin og Liv Eva) fekk vere med på at alle kyrkjene i dette distriktet tok farvel på ein personleg og rørande måte. Trur ikkje det var eit einaste tørt auge i Mukdahan Lutheran Church denne føremiddagen under avskjedstale, utdeling av gåver og takk. Det er tydeleg at familien frå Norge har hatt stor betydning både gjennom måten dei har levd med Jesus i kvardagen og deira hjerte for å dele Guds kjærleik. Eirin hadde på seg ein flott thaikjole, ei retteleg festdrakt, for å gjere ære på folket. Eit viktig kapittel er ved eit vegskilje, og det er godt å sjå at det på mange måtar er tungt å ta farvel med venner og kollegaer.
Dagens ord: Pris Herren, for han er god, hans miskunn varer til evig tid! 1. krøn 16.10